Vi lader opp til helga!



Hei heima i stova!
Dagen idag har vore lik dei andre; to treningar, soling, bading og eting. Gjengen er klare for helga då det skjer mykje spanande. Me skal på marknad i morgo, såkalla Saaramarknad og ellers varme opp til laurdagen då me skal til kristusstatua - Cristo Redento. Det blir jeeptur, og det kan bli artig. På søndagen skal me på "King of the beach". Det er ei stor volleyballturnering på beachen der dei beste volleyballspelarane i verda møtast og spelar mot kvarandre. Dagen avsluttast med bbq med sogndalsgjengen og trenarane våre på stranda. Det blir ei kjempeartig helg og me gledar oss mykje! Martin - trenaren vår som ligg i senga og prøvar å få oss til å vaske og legge saman klea hans - orkar ikkje blogge, så då må dei fantastiske nynorsk elevane hans overta jobben. No problemo!
Ellers alt bra på copa -
me smilar og ler alle i hopa!

Av hardingane: Hilde og Kristina :)

1 kommentar:

Jan Ivar sa...

HEHEHEHEHHEHE! Olsen jeg skakkler her jeg ligger nå! At du tilogmed prøver å få andre tausonji til å vaske og brette klærne dine når du ikke har tilgang på Monica er bare rett og slett EPISK!

Du er jo bare helt gud mann, stå på ;)